Dei fem siste åra har Ane Serine Dimmen vore ein av kvinnelandslaget for døve. Gjennom desse åra har ho spelt EM i Sveits, VM i Sverige og Nordisk meisterskap i Finland som enda med sølv. Denne veka starta EM i futsal for døve i Sofia, Bulgaria. EM vert arrangert i Arena Armeec som har over 10.000 sitjeplassar. Interessa for fotball starta for Dimmen då ho seks gammal spelte fotball saman med gutane i friminutta på skulen.

– Eg byrja å spele fotball for Volda i 8-9-årsalderen, og då trena vi og med gutane. Landslaget har og hatt treningssamlingar der vi har spelt mot herrespelarar for å få opp trykket, seier Dimmen som legg til at ho har vorte litt ekstra tøff på bana av spele mot gutar og herrar, og at ho ikkje er redd for å bruke fysikken sjølv om ho som regel er den lågaste på bana.

Som 15-åring vart Dimmen teken ut på landslaget for døve, og sidan har ho vore fast inventar. Ho står med fjorten landskampar for Noreg, og har skåra fem mål. No deltek ho i sitt fjerde internasjonale meisterskap. I opningskampen mot Sveits torsdag vart det 6-2-siger til Noreg, og Dimmen noterte seg med eitt mål og ei målgivande pasning.

– Vi er betre enn det vi har vore tidlegare, og målet vårt for meisterskapen er medalje. Vi har det kjekt saman og det er godt samhald i laget. I førre EM vart det 7. plass og i VM vart det 8. plass. Då hadde vi mange nye spelarar i laget, og vi er meir samspelte og rutinert no, seier Dimmen.

Landslagstroppen er på elleve spelarar, og med tolkar og leiarar har seksten person reist til Sofia. Variasjonen i alder er også stor. Den yngste spelaren i troppen er 17 år og den eldste er 40 år. Dimmen har von om at laget kan ta seg til semifinale i den to veker lange meisterskapen, og sikre seg medalje.

– Kva tenkte du om at de skulle spele på ein arena som rommar 10.000 tilskodarar?

– Først var eg sjokkert over at det kunne kome 10.000 tilskodarar for å sjå på oss, men då kampen byrja var det ikkje så mange som var der. Elles tenkte eg mest på korleis det ville vere å spele der, og om dekket var bra, seier Dimmen som gler seg vegen vidare i EM.