XWave er ein surfekonkurranse arrangert av X2 Festivalen som går over to dagar. Vanlegvis kjørast denne konkurransen under festivalen, men på grunn av dårlig erfaring har den vorte flytta til november.

– Dette er noko nytt som vi håper vil funke bra for deltakarar og for å sikre best muleg bølgjeforhold og kvalitet i konkurransen, seier PR-ansvarleg Pernille Opsahl Coward i X2 festivalen

Grunna ustabile bølgjeforhold i Noreg, har det vore ventetid i hele november.

– Det betyr at utøvarar, frivillige og arrangørar må vere fleksible, men dette har gitt oss mulegheit til å velje ut gode bølgjevarslar før vi sat konkurransedato. Vi var ute etter perfekte forhold for surf og no er endeleg tida inne.

I utgangspunktet skulle konkurransen verte avvikla på Flø i Ulsteinvik.

– Vi har venta lenge på at forholda skulle verte bra nok på Flø, men vêrmeldinga har vist låge bølgjeforhold i heile november. Derfor har vi flytta konkurransen til Ervik, Stadlandet, kor bølgjevarselet tilseier svært gode forhold neste veke. Mange surfarar, både norske og internasjonale deltakarar, har meldt seg på og venta spent med oss i hele november.

Måndag 24. november vert første konkurransedag og tysdag 25. november vil vere finaledagen. Det vil vere eigne dame- og herreklasser kor vinnarane i kvar klasse kan stikke av med ein fin pengesum, reise til Marokko og surfeutstyr. Det vert kåra første-, andre- og tredjeplass.

Hovudarrangørar for konkurransen er Lars Monsen og Camilla Monsen, som begge er aktive innan surfemiljøet og har mykje erfaring med seg frå tidlegare surfekonkurransar. David Renyard frå England er hovuddommar for konkurransen.

– Vi er veldig glade for å få hjelp av Møre FHS til å arrangere XWave og dei vil ordne med enkel kioskservering under konkurransen.

Startar måndag

– Vi ønskjer publikum velkomne til å dele denne fantastiske sporten med oss! Meir informasjon om tidspunkt for konkurransen vil verte lagt ut på våre heimesider, men i utgangspunktet køyrer vi konkurransen hele måndag og tysdag da bølgjene er best.