Siger Tjalveson Sørheim (13)vart kasta inn til ulvane i eliteseriekampen mellom Volda og ØrstaBordtennisklubb og Fokus (Oslo) laurdag ettermiddag. Det gjorde hanmed bravur, og medverka til siger i den viktige kampen.

- Hanspelte som forventa, og det vil seie godt, seier trenar TorHallaråker.

Kalde føter

Men sjølv om han venta at Sigurd ville hevde seg, haddehan sjølv likevel litt kalde føter.

- Eg hadde venta at vi hadde eileiing mot Fokus, men så var stillinga 2-2 etter dei fire fyrstesingelkampane. Difor var det viktig at Sigurd spelte det han er godfor, og det gjorde han. Dermed fekk vi leiinga 4-2 etter dei tokampane i dobbel, fortel Hallaråker.

Til slutt vann Volda og Ørstalagkampen med 6-2. Og Sigurd var så visst ikkje nokon kasteball ikampen. Saman med Ferenc Horvath (31) tok dei fyrste settet. Detandre settet enda med siger til Fokus. Volda og Ørsta vann dettredje settet. I fjerde sett var det svært jamt, men Fokus vann11-10. Då var det klart for eit avgjerande femte sett. Det tokFerenc og Sigurd greitt, og dermed vart det 3-2-siger.

Vinnar

Sigurd haddeavgjerande vinnarballar, og imponerte dei nær 40 tilskodarane igymnastikksalen på Sæbø. Etter kampen var Sigurd forbausande roleg.

- Eg er godt nøgd med eige spel, og glad for sigeren. Eg fekk viteat eg skulle spele om lag tjue minutt før kampen. Nervøs var egikkje, fortel han.

Sigurd desidert yngst

Volda og Ørsta har ei tropp på fem spelarar ieliteseriekampane på Sæbø. Det er fire garva bordtennisspelarar igod europeisk klasse som spelar singelkampane. Det er spelarar fråutlandet, slik det er vanleg på dei fleste eliteserielaga.Femtemann på laget er altså trettenåringen Sigurd frå Ørsta, og haner glad for at han fekk speletid i turneringa.

- Målet no er å fåfleire kampar. Eg trenar sju gonger i veka, og kanskje ein til togonger mot elitespelarane i klubben, fortel Sigurd.

Håper på gutelandslaget

Trenar oglagleiar Tor Hallaråker håper Sigurd vil satse vidare påbordtennis.

- Han må nok opp med treningsmengda dei komande åra.Han er blant dei beste trettenåringane i landet, og vart nylegnummer tre i ein noregscup for trettenåringar. Han aspirerer til åkome på gutelandslaget, fortel Hallaråker.

Volda og Ørstabordtennisklubb har hatt ein god fyrste dag på Sæbø. Det vartuavgjort 5-5 mot Laksevåg, som er rekna å vere det beste laget ieliteserien, og det vart altså siger 6-2 mot Fokus.

Søndag varteliteturneringa avslutta med kamp mot B72 frå Lørenskog.