Volda er ein av dei klare opprykksfavorittane frå 2. divisjon, men det er venta at dei får kamp av m.a. Charlottenlund og Byåsen breidde. I førre serierunde gjekk Byåsen på sitt første tap for sesongen mot Charlottenlund heime, og laurdag gjestar dei Voldahallen.

– Vi forventar oss ein tøff kamp, og det er Byåsen og Charlottenlund som vi kjempar mot i toppen. Vi ser at alle slår alle i divisjon, men dette er ein toppkamp for oss og vi gir hundre prosent. Vi er godt førebudde, og målet er å stå med seks sigrar på seks kampar, seier Volda-kaptein Hilde Egset.

Volda har fått ein god start på sesongen og har vunne dei fem første kampane. Moralen i spelargruppa er god ifølgje kapteinen, og alle jobbar mot det same målet.

– Vi er tent alle saman, og alle er ute er det same målet som er opprykk. Gruppa er veldig bra, og vi har det veldig kjekt i lag. Det hjelper oss veldig, seier Egset som har von om at det vert fullt på tribunen laurdag og mykje liv i hallen.

I samarbeid med reklamebyrået Kib & Morits og generalsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre sparkar Volda handball i gang eit nytt konsept under kampen mot Charlottenlund.

– Kib & Morits tok kontakt med oss sidan dei hadde ein ide om å finne på noko som kunne handballen i Volda meir merksemd. Dei hadde lagt merke til entusiasmen rundt klubben, og resultatet vart emneknaggen kampkaffi, seier leiar Arild Bakke i Volda handball.

Med dette ynskjer klubben å engasjere publikum enno meir.

– Vi startar mot Charlottenlund. Publikum må vere kreative og bruke emneknaggen på bilete dei tek før kampen og under kampen. Det beste biletet vert premiert mot slutten av kampen.

I tillegg vil det verte ei kåring i siste heimekamp i desember og i mars.

Klubben lanserer og Entusiast-kaffi under kampen, og den vert servert gratis til publikum laurdag.