For ei tid tilbake la vi ut eit fotballreferat litt utanom det vanlege på morenytt.no. Silje og Tore Vinjevoll skreiv om fotballlgutane frå Ørsta - på rim.

Artikkelen vart lest og verdsett av svært mange. No har dei vore på turnering igjen, og då er det sjølvsagt klart for eit nytt fotballreferat utanom det vanlege:

2006 og 2008 gutta har igjen vore på cup, no ut i Ålesund by,

Der fikk dei prøve seg på ei turnering som er relativ ny.

Det var utan keeper på små baner og små mål der laga spelte tre mot tre,

Og det var ein formidabel innsats og det blei nokre skrubbsår og såre kne..

Gutane spelte kampar mot for dei ukjente lag frå Ålesund,

Men det var ikkje så nøye, for fotballen der ute er også rund.

Guard, Aksla og Herd fekk mot Ørstas store fotball framtid køyrt seg ganske bra,

Og Ørstingane imponerte stort og kunne etter mange kampar vere godt nøgde og mest gla!

Kampane var berre sju minutt og gutane sprang omtrent til krampa tok dei,

Men når kampane var over, var dei alt anna en lei.

Tidsskjemaet var tett og det blei mange kampa på gutta,

Det gjekk ikkje lang tid til ein ny kamp starta etter den forrige slutta!

Når dei var berre tre stykker på bana i sju minutt,

Så var det viktig å kjempe frå start til slutt.

Og innsatsen dei viste med var imponerande rett og slett,

Og etterpå kunne dei velfortjent på vafler og pølser ete seg mett!

2008 laga imponerte alle som var og såg,

Det gjekk sjeldan lang tid før ballen i mål låg.

Eit lag scora faktisk 38 mål iløpet av kampane sine,

Og då var det sjølvsagt blant gutane alt anna en sure mine.

2006 gutane gjorde det også meget bra,

Det blei både knepne tap, nokre uavgjorte og fleire sigra.

Når dei fekk medalje rundt halsen til slutt var gutane både stolte og kry,

Og mange av dei hadde den fortsatt på lenge etter vi hadde forlatt Ålesund by!

Denne turneringa var for gutane heilt topp!

Dei kosa seg, fekk spele masse og klaga ikkje sjølv om dei blei slitne i sin kropp!

Masse mål og sigrar er viktig som inspirasjon å ta med seg,

Når dei neste sesong skal i fotballutviklinga ta store steg!

Silje og Tore Vinjevoll