Sist veke hadde Volda besøk av den kroatiske eliteseriemålvakten Melita Jug(27). I etterkant av dette gav Volda HK henne eit tilbod som begge partar vart samde om, og torsdag var overgangen i boks.

Volda HK har i lengre tid vore på jakt etter ein målvakt til. Dei har frå før Runa Vik som førstekeeper. Laget vil dermed få to gode keeperar noko som blir svært viktig  i satsinga mot 1.divisjon.

Leiar i Volda Handball, Arild Bakke, er glad for at ei målvaktsforsterking no er på plass.

– Vi har vore på jakt etter ein ny målvakt, og vi har søkt etter hjelp for å finne ein. Då vi fekk tips om Melita inviterte vi henne på besøk til Volda . Sist veke var ho her i fire dagar og ut frå det ho viste då ønskte vi å gi henne eit tilbod, noko ho har takka ja til.

Igor sentral i overgangen

Det var gjennom Voldatrenar Igor Tertzic at Volda kom i kontakt med den kroatiske keeperen.

Melita kjem frå den kroatiske eliteserie klubben Korka. Ho har tidligere spelt seks år i eliteserieklubben Tresnjevka. 27-åringen har også vore innom landslag og europacupspel. I 2011 blei ho europameister i beachhandball.  Volda HK reknar med å ha den nye målvakten på plass innan to veker.