Jenteakademiet skal vere ei utviklingsgruppe for fotballjenter i Volda og Ørsta kommunar, og tilbodet går ut til alle klubbane i kommunane. Målgruppa er treningsivrige jenter i alderen 13 til 16 år, og Jenteakademiet er meint som eit supplement til m.a. lagstreningar, klubbtreningar og bylagstreningar. Frå november til mars er det planlagt to samlingar i månaden, og på samlingane er fokuset på basisferdigheiter med utfordringar til passa den einskilde spelar.

– Vi vil veksle litt på å vere i Mørehallen og i Kiwihallen, og vi må utnytte dei flotte hallane vi har fått. Hovudmålet er å få fleire jenter til å halde på lenger med fotball. Her kan dei møte andre treningsivrige jenter som har ekstra lyst til å trene og utvikle seg vidare som spelar. Med ei slik treningsgruppe får vi vonleg enno meir kvalitet på treningane, seier Rune Johnsen i Jenteakademiet.

Komande laurdag er det kick-off for Jenteakademiet i Mørehallen med trening og informasjon om opplegget. Sunniva Knardal, Marte Rørstad og Sunniva Hammer ynskjer alle å ta del i Jenteakademiet, og er positive til satsinga.

– Det er veldig bra at Jenteakademiet vert oppretta, og vi får sjansen til å verte så gode som vi sjølv ynskjer, seier Knardal.

– Det er kjekt med eit slikt tilbod, og vi får trene og spele saman med andre jenter frå forskjellige stader, seier Rørstad.

På trenarsida vil Jenteakademiet knytte til seg trenarar frå seniorsida, og dei ynskjer også kvinnelege trenarar.

– Vi har og fokus på målvaktene, og vil ha eigne målvaktstreningar, seier Johnsen.

Bergensklubben Arna-Bjørnar har hatt jenteakademi gjennom fleire år, og Johnsen har vitja klubben for å lære og få inspirasjon. I det lokale tilbodet er det ikkje sett noko tak på kor mange som vil vere med, og Johnsen har von at så mange muleg ynskjer å vere med.

– På sikt ynskjer vi å få til utvida samlingar der det kanskje vert lunsj med teori. NFF er og positive til stille med sin ekspertise og kome på besøk.