Scenarioet før kampen mot Langevåg torsdag kveld var at med siger eller uavgjort ville Ørsta vere heilt sikre på ny kontrakt i 4. divisjon om tre sunnmørslag skulle gå ned frå 3. divisjon. Vertane skapte den første halvsjansen i kampen etter nokre minutt, men etter det var det ingenting som stemde i laget og Langevåg tok fullstendig over. Dårleg presisjon, slapt press og lite samhandling i Ørsta førte til Langevåg-dominans, og Nikolai Vadseth kom gjennom, runda Martin Liaskar og sendte Langevåg opp i leiinga. Etter eit kvarter vart Eirik Sandvik spelt gjennom, og dobla leiinga. I denne perioden av kampen var Ørsta fråverande i banespelet, og ingenting stemde. Etter ein halvtime av kampen byrja heimelaget å vakne litt. Sjur Haug fekk sjansen frå 16 meter etter fint spel på venstresida, men avslutninga gjekk ein meter over mål. Med ti minutt att av omgangen tok Preben Alexander Olsen med seg ballen innover i bana og fekk avslutta frå 18 meter. Målvakta gav retur og ein vaken Steffen Bjørke Aarseth var først på ballen og sette inn reduseringa. Heilt mot tampen av omgangen kom Aarseth seg fri på venstresida og slo inn i feltet langs bakken. Jørgen Winjevoll hoppa over ballen, men det var ingen bak til å sette ballen i mål. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 1-2.

I 2. omgang heldt Ørsta fram med den gode trenden frå avslutninga av 1. omgang. Langevåg fekk ein stor sjanse då det var spelt åtte minutt. Ein Langevåg-spelar kom seg gjennom, runda Liaskar i Ørsta-målet, men avslutning frå skrått hald gjekk i nettveggen. Ørsta gjekk rett i angrep. Aarseth gjorde eit flott forarbeid og sendte ballen mot mål. Olsen fekk tåa på ballen, og sette inn utlikninga. Etter skåringa jakta vertane på sitt tredje mål for kvelden. Det var skapt ein del halvsjansar, og Langevåg var heller ikkje heilt ufarlege. Det var ikkje fleire mål, og dermed enda kampen uavgjort 2-2.

- Staten av kampen var litt katastrofe. Det var eit lag som var desperate, og vi var ikkje klare. Vi tapte alle duellar og hadde dårleg struktur i laget. Når det er sagt så fekk vi to i trynet og det var eit lag på bana. At vi kjem tilbake vitnar om at det nokre som tek tak. Det burde ha vore 2-2 før pause etter mitt skjønn, men det vart det ikkje. Vi vann 2. omgang 1-0, og det var greitt. Langevåg hadde nokre sjansar, men etter eit kvarter så var vi betre enn dei totalt sett. Vi er mellomnøgde med kampen, og nøgde med at vi slepp å sjå oss over skuldra lenger, seier trenar Kjell Einar Dagfinrud.

Ørsta ligg på 6. plass i 4. divisjon. Luka ned til Langevåg på den potensielt siste nedrykksplassen er framleis på tre poeng, men det skil 19 mål i favør Ørsta. Rollon er siste motstandar for Ørsta på bortebane fredag.