Denne veka U19-landslaga i volleyball, både for gutar og jenter, vore med i turneringa NEVZA U19 i Danmark. For det norske gutelandslaget spelar Simon Rovde Hjertvik (Ørsta), Sverre Flåskjer (Volda) og Sverre Fure (Volda). Begge dei norske laga tok seg til semifinalene som vart spelt onsdag. Sverige var motstandar for både gutane og jentene, og begge dei norske laga tok seg vidare til finalen etter velspelte semifinaler.

Danmark var motstandar for gutane og kampstart er klokka 14.00 torsdag. Noreg er regjerande NEVZA-meistrar for gutane og var klare for å ta med pokalen heim i år og. Etter å ha tapt første sett 24-26 for Danmark var Noreg best resten av kampen. Med siger i dei tre neste setta var finalesigeren sikra, og dei kunne juble for å ha forsvart tittelen frå i fjor.

Jentene møtte også Danmark i finalen, og det var til slutt sølv for Noreg.