Mot Skaun laurdag var Volda klare favorittar ettersom dei vann med fjorten mål(41-27) på heimbane for ein månad sidan. Heimelaget held godt følgje med Volda gjennom nesten heile 1.omgang og det var først i sluttminutta av omgangen sunnmørslaget greidde å gå opp i ei tre målsleiing som dei også hadde ved pause.

Skaun hadde nok brent mykje krutt i 1.omgang, for etter pause hadde dei lite å svare med då Volda sette opp tempoet. Kampen var i realiteten avgjort då Volda etter sju minutt hadde auka leiinga til 22-15. Heimelaget prøvde, men hadde ingenting å gi. Ved full tid sto det 35-23.

Ingen toppkamp av Volda, men mange positive ting å ta med seg vidare. Tina Gavranic leverte ein god kamp og markerte seg også som toppskårar med åtte mål. God var også Linn Berg på venstrekanten.

Opningssjokk av Meldal

Søndag gjekk turen til Meldal og her blei det om venta ein mykje tøffare kamp. Heimelaget sjokkopna og frustrerte Voldaspelarar vart pressa til tekniske feil og svake avslutningar. Ni minutt ut i kampen på stillinga 5-1, måtte Voldatrenar Igor Tertzic be om time-out og endre taktikk. Volda la ut frimerke på Meldal sin storskyttar,Lene Storholt. Dette hjelpte litt på forsvarsspelet, men framover held laget fram med å brenne klare sjansar. Midtvegs i omgangen sto det 6-1. Kine Kvalsund sette inn to svært viktige straffekast og med dei starta opphentinga. Resten av omgangen var det sunnmørslaget som dominerte og halvminuttet før pause var dei for første gong i kampen i leiinga 11-10.

Spanande 2.omgang

Andre omgangen blei svært jamn og laga skifta om å vere i leiinga. Volda sleit med å få ballen bak ein god Meldalkeeper. Då heimelaget gjekk opp i 21-20 leiing fem minutt førslutt såg det mørkt ut for Volda. På ny blei taktikken i forsvar endra. Framover på bana toppa Voldatrenaren laget og det blei suksessformelen denne gongen. På dei seks siste angrepa i kampen skåra Volda på alle, medan heimelaget berre skåra på to. Dermed ein svært viktig siger for Voldadamene som no står med fem sigrar på rad.

Runa Vik i storform

På Volda skal heile laget ha ros for gjennomføringa av kampen. Fosvarsspelet var i perioder svært bra og bakerst sto Runa Vik svært godt mellom stengene. Fleire av redningane hennar var det klasse over. Ute på bana vart det avgjerande at  Line S.Hagen, Tina Gavranic og Aukse Aglienskiene sto fram i sluttminutta med svært viktige skåringar. Sentral var også Kine Kvalsund som denne helga måtte overta som straffeskyttar. Ho var iskald og sette alle fire forsøka i mål.

-Det var godt vi måtte slite for å vinne

Voldatrenar Tertzic var fornøgd med fire poeng på turen i helga.

– Kampen mot Skaun vart som forventa. Mot Meldal visste vi det ville bli tøft og det var godt for jentene at dei måtte slite for å vinne. Særleg er eg fornøgd med korleis vi løyste den taktiske biten på slutten av kampen. Vi treng slike kampar for å kome vidare. Det gav oss også eit varsku om at ingen kampar blir lette i denne divisjonen.

Komande helg har laget spelefri, før dei helga etter tek i mot Molde2 i Voldahallen. Tysdag kveld dreg laget til Spjelkavik for å spele treningskamp mot Ålesund.