– Eg er veldig godt nøgd med seks poeng, og dette var den tøffaste helga i år. Likevel så har vi mykje å gå på spelemessig, med flyt, samspel og rutine. Det var ein del urutinerte feil som vart gjort, seier trenar Lars Øie.

Den lange kamphelga starta fredag mot Sverresborg. Ørsta/Volda tok kontroll over kampen frå start, men klarte ikkje hekte Sverresborg heilt av i kampen og til pause var stillinga 15–13 til gjestene.

– Vi slapp dei litt for lett til bakover på bana, og rota litt i angrep. Sverresborg kom aldri trugande nært. I 2. omgang fekk vi tetta forsvaret og fekk det meir til kollektivt framover på bana.

Målvakt Bjørn vik Henriksen leverte ein god kamp i 29-22-sigeren og hadde ein redningsprosent opp mot femti prosent.

Bjugn er eit nytt lag i 3. divisjon, og var motstandar for Ørsta/Volda laurdag.

– Dette var eit lag som vi burde slått med mange mål. Vi starta med den same oppskrifta som på fredag, og vart raskt straffa for småfeil.

Ørsta/Volda hadde likevel bra kontroll på kampen, og var i leiinga 17–9 til pause.

– Bjørn redda oss i fleire periodar i kampen slik at det resultatmessig ikkje vart tettare. Bjugn hadde ein spelar som sleit med, men det var aldri farleg i denne kampen heller.

Etter 28-19-sigeren mot Bjugn sikta Ørsta/Volda seg inn mot to nye poeng mot Tiller 2 søndag. Vertane hadde ein god kombinasjon av fart og rutine i laget. Vik Henriksen leverte på ny ein god kamp og hadde 14–15 redningar på dei første tjue minutta.

– Vi leia komfortabelt både i 1.- og 2. omgang, sett vekk frå ei periode midtvegs i 2. omgang der dei utlikna til 22–22. Då tok vi tak i kampen, og fekk hanka inn sigeren på ny.

Til pause vart bortelaget i leiinga 14–11 og vann kampen 29–24.

Til kampane i Trondheim kom Anders Vatsaas og Per Ingebrigtsen rett frå regional landslagssamling, medan Leif-Erik Brenne var på landslagssamling i Skien. Om to veker ventar ein tøff bortekamp mot opprykksrival Molde.

– Det lovar godt for oss sidan spelet ikkje er på plass og vi likevel kjem heim med seks poeng. Det må vi bruke mot Molde, og det er store moglegheiter for oss om vi får spelet til å sitje.