Volda dominerte stort i 1. omgang då Langevåg gjesta Volda stadion torsdag kveld. Med Volda-siger ville laget vere klar for 3. divisjon. Bjørnar Holen fekk sin første kamp frå start for Volda, og serverte først Stain Finnøy som sendte Volda i føring før bursdagsbarnet Thomas Malins dobla leiinga. Vertane gjekk fortent til pause med 2-0-leiing. I 2. omgang hadde Volda kontroll på kampen, men intensiteten gjekk ned utover i omgangen og Langevåg reduserte. Gjestene hadde også ei avslutning i stolpen etter skåringa, og Volda gjorde opprykksfesten meir spennande enn nødvendig. På tampen av kampen hadde heimelaget fleire sjanser til å trygge sigeren utan resultat, men då dommar Torbjørn Eidhammer blåste av kampen braut jubelen laus blant Volda-spelarane og publikum. Opprykket er sikra fire serierunder før slutt, og på dei atten kampane så langt denne sesongen har Volda vunne seksten og spelt to uavgjort.

- Eg er litt forbanna over at vi ikkje spelte ein betre 2. omgang, men spelet i 1. omgang var bra. Då eg køyrde hit i dag tenkte eg på nedrykket i fjor, og no er det herleg at vi no går strake vegen opp. Vi har vore besett av å klare å kome oss opp att til 3. divisjon, og det er herleg at det no er klart, seier Volda-trenar Rikard Tennø Vestre.

Før sesongen var Volda blant opprykksfavorittane, og mange venta at både Valder, Emblem og Ørsta kunne blande seg inn. Tennø Vestre er overraska over at Volda har vore så suverene denne sesongen.

- Vi har dobbelt så mange poeng som Ørsta, og det var det ikkje mange som hadde trudd på førehand av sesongen. Vi trudde at Valder og Emblem skulle verte den tøffaste motstanden i kampen om opprykk, men dei begge har hatt ein tung haust. Så det vart enklare å rykke opp enn kva eg hadde trudd.

- Er målet no å gjennom sesongen utan tap?

- Heilt klart.

Andre resultat frå 4. divisjon

Emblem - Ørsta                  0-4

Rollon - Valder                    4-1

Skodje - Godøy                  2-4

FK Sykkylven - Hareid         4-2

Stranda - Blindheim             5-0