Tysdag offentleggjorde hovudtrener Nebojsa Duric og assistent Bendik Gabriel Huus troppen til U19-landslaget i volleyball som skal ha bruttosamling i okttober. Sverre Grønnevik Flåskjer (Koll IL), Simon Rovde Hjertvik (KFUM Volda) og Sverre Fure (KFUM Volda) er med i troppen. Bruttosamlinga er på ToppVolley i Sand frå 7.- til 12. oktober. Bruttotroppen tel seksten spelarar, og skal kuttast ned til tolv spelarar.

U19-landslaget skal spele Nevza U19 i Ikast i Danmark som eit ledd i førebuingane til EM-kvalifiseringa som vert spelt i januar 2015. Det endelege laguttaket skal vere klart seinast 11. oktober.