Ti dårlege minutt avgjorde for Sæbø på Sæbø stadion laurdag. I løpet av dei siste fem minutta av fyrste omgang og dei fem fyrste av andre omgang skåra gjestene Vigra tre gonger. Då hjelpte det ikkje at Sæbø reduserte etterpå. For Vigra skåra endå tre mål til.

Vigra vann til slutt 6-2 i oppgjeret, og fillerista Sæbø i andre omgang.

I fyrste omgang var det jamt. Vigra hadde ballen mest, men Sæbø hadde sine sjansar. Nærast skårinbg for Sæbø var Terje Haugen Øye då han ti minutt før pause nikka eit godt innlegg mot mål. Men han fekk ikkje kraft nok bak hovudstøyten, og Vigra-målvakta hadde kontroll.

Med eitt 0-3

Fem minutt før pause tok Vigra leiinga då Sæbø slurva i forsvar, og Steffen Ytterstad Wille var sjanselaus på skotet.

Andre omgang opna fælt for Sæbø. I det tredje og fjerde minuttet av omgangen kom to Vigra-mål. Fyrst etter ei gjennomløping, og der etter på eit innlegg. Ved begge høva kan det stillast spørsmål ved Sæbø si evne til å forsvare seg.

Ti minutt ut i omgangen redusert Sæbø. Laget fekk innkast, og Terje Haugen Øye dempa ballen i feltet. Han la tilbake til Martin Sandbakk, som skåra sikkert.

Men Vigra skåra to mål til før Terje Haugen Øye reduserte til 2-5 - før Vigra avslutta det heile med eit pangskot i krysset, og dermed 6-2.