– 25 år med venting er no på skatepark i Volda er endeleg ein realitet, heiter det i invitasjonen frå styret i Volda rullarlag AS.

Laurdag denne veka vert den nye skateparken ved Volda stadion offisielt opna. Det er mange som har venta mange år på å få på plass ein skikkeleg park i Volda, og laurdag kan den nye parken endeleg takast i bruk. Ordførar Arild Iversen vil stå for den offisielle opninga av skateparken. Profesjonelle rullebrettkøyrarar skal halde show, i tillegg til skatedemo, musikk og sal av mat og drikke.

– Ikkje minst så kan alle rulle så mykje dei vil.

På kvelden vert det diskotek på Rokken med rullebrett-tema. Styret i Volda rullarlag minner også på at dei som ynskjer å nytte parken må hugse tryggleiksutstyr.