PEAB-leikane er Norges Friidrettsforbund sine regionale ungdomsleikar for aldersgruppa 13 og 14 år. Utøvarane vert tekne ut til kretslag og konkurrerer på vegner av kretsen. Det er konkurransar i tre ulike regionar. I 2014 var det Osterøy, Stjørdal og Jessheim som var arrangørar.

4 utøvarar kvalifisert

Heile fire utøvarar frå Ørsta IL friidrett kvalifiserte seg til å kome med på kretslaget. Alle hevda seg heilt i toppen på stemnet.

Maria Sætre (J13) er i storform og tok ein solid gull med 1,46 m og ny personleg rekord (pers) i høgde. Ho fekk og gode persar i lengde og tresteg.

To sølv

Sigrid Vartdal (J13) tok sølv i slegge med 26,31 m og solid pers. Ho tok ein god fjerdeplass i spyd med 23,69 m. Ho tok femteplass i 60 m hekk og sette pers på 200 m.

Åse Øyehaug (J13) tok sølv i tresteg med 9,70 m og ny pers. Ho kom på fjerdeplass i 60 m hekk, femteplass i 200 m hekk med solide persar i desse øvingane. Ho fekk og med seg ein sjuandeplass i diskos.

Alle tre jentene har no resultat for favorittøvingane sine blant dei ti beste på årsstatistikken på landsbasis for 2014.

To bronsemedaljar

Spydtalentet Elias Hovden Nilsen (G13) tok to bronsemedaljar: Spyd 34,84 m og diskos 23,72 m. Han tok fjerdeplass i tresteg og sette pers. Han sette og pers i 60 m hekk.

Møre og Romsdal hadde med heile 34 utøvarar på årets PEAB-leikar. I lagkonkurransen kom Møre og Romsdal på andreplass med 319 poeng, rett bak Nord Trøndelag med 333 poeng.