Paul Otto Vatne frå Ørsta kunne måndag sjå at dottera, Jenny Tovseth Vatne, skaut seg til VM-gull saman med lagvenninnene Sina Busk og Karoline Hansen under junior-VM i Granada i Spania. På seksti skot liggande frå 50 meter var Jenny den beste norske jenta med 621,8 poeng, og Busk og Hansen følgde godt opp med 618,7 poeng og 615,7 poeng. Dei norske jentene sette og juniorverdsrekord med totalt 1855,5 poeng. Med god skyting frå alle dei norske vann dei gullet med god margin føre Sveits.

I tillegg til lagkonkurransen vart det også kjempa om verdsmeistertittelen individuelt i same øving. Tovseth Vatne vart nummer fem, men var berre 1,1 poeng bak bronseplassen.

Saman med systra Eline (20) representerte Jenny Noreg i junior-VM. I sommar vart ein del av førebuinga til VM lagt til Ørsta.