Det hadde ikkje gått mange minutta av kampen før ein såg at heimelaget nærast kunne gjere som dei ville. Det sto 4-0 etter 5 minutt og 10- 2 etter 20. Volda fekk sett eit forsvar som det nesten var umogeleg å sleppe gjennom. Det som kom av avslutningar tok ein meget god Runa Vik i Voldamålet seg av. Framover på bana var det også mykje positivt særleg var Maria Ulla ein frisk pust på høgre kanten og noterte seg for fire mål i 1.omgang.

I andre omgang greidde ikkje Volda heilt å halde det same trykket, men styrte kampen slik dei ville. At sigeren tilslutt var på atten mål var ikkje eit mål for lite.

Volda-trenar Igor Terzic lot alle få mykje speletid og samtlege utespelarar noterte seg på skåringslista.

Ålesund neste

Søndag er det ny heimekamp. Då er det klart for lokaloppgjer mot Ålesund som til no har møtt same motstandarane som Volda. Dei står med to sigrar i to jamne kampar. Volda er klare favorittar, men det er alltid noko spesielt med lokaloppgjer so her kan alt skje.

Kampfakta

Volda HK- Levanger 2: 29 – 11 (14-3)

Voldahallen: 130 tilskodarar.

Volda: Runa Vik, Anita Gaarder, Anette Berg 1, Linn Berg 2, Kine Kvalsund 2, Olivia Kiss 3, Maria Ulla 4, Hilde Egset 5, Line S.Hagen 4, Vanessa S.Hoel 3, Aukse Aglienskiene 3,Tina Gavranic 2.

Toppskårar Levanger 2: Guro Svenning 3

Best på Volda: Runa Vik, Hilde Egset og Maria Ulla.

Utvisningar: Volda 1 x 2min, Levanger 3x 2min.