– Vi har inngått ein avtale med Volda handball. Jentene spelar i Ørsta fram til dei er 15 år, og så melder dei overgang til Volda. For gutane i Volda gjeld det same. I år har tolv jenter meldt overgang til Volda, og det er meininga at 11 gutar skal melde overgang til Ørsta. Vi er godt nøgde med avtalen, og målet er at vi skal gjere kvarandre sterke. Volda satsar på jente- og damesida, og Ørsta på gutar- og herresida, seier leiar Patricio Medina i Ørsta handball.

På herresida er trenarkabalen nesten på plass. Lars Øie og Tom Slenes har hovudansvaret, og det vert arbeida med å få på plass ein tredje trenar. Bjarte Midtsæter vert målvaktstrenar. Klubben skulle gjerne sett at dei har nokre spelarar til på laget i 4. divisjon, ein trenar til damelaget i 4. divisjon, og har von om at fleire spelarar født i 2001 vil vere med på G13-laget.

– No er vi rundt førti spelarar på herre- og G16-laga, og det er viktig at gror godt nedover i aldersklassene. Vi ser lyst på framtida, og gler oss til ein kjekk sesong.

Etter nokre veker med gode treningsøkter ute er både herre- og G16-laget kome i gang med treningane i Ørstahallen. I fjor stod Bergsøy i vegen for opprykk til 2. divisjon, og i år er målet å ta steget opp ein divisjon.

– Opprykksmålet er spikra og forankra, og det spelarane sjølve som har valt det. For G16-laget er målet å gjere det så godt som mogleg i regionsserien, og for dei yngste i lokalserien er målet å gjere dei klare for spel i regionsserien til neste år, seier Øie.

Sesongoppkøyringa starta 11. august, og tysdag var over tretti spelarar samla til trening i Ørstahallen.

– Spelarane har hittil vore veldig gira på å gjere jobben, og det har vore eit overraskande høgt nivå. Det er ti års aldersforskjell mellom dei eldste og yngste, men spelarane fungerer overraskande godt i lag.

Herrelaget sesongopnar mot Strindheim 2, som saman med Molde vert rekna for å vere den hardaste opprykksrivalen, 13. september. Regionslaget opnar sesongen med tur til Trondheim 24. og 25. september.