For rundt to veker sidan vart det klart at Svein Slinning gav seg som Ørsta-trenar. No er det klart at Kjell Einar Dagfinrud tek over hovudansvaret for herrelaget i 4. divisjon ut sesongen. Med seg får han Reidar Vågnes som har brei erfaring frå fotball-Noreg, og har m.a. vore hovudtrenar for Molde og Hønefoss i Tippeligaen. I tillegg har han vore sportsleg leiar i Aalesund fotballklubb i to periodar. Vågnes si rolle i Ørsta skal vere spelarutviklar, og han skal ha perspektiv på kvar enkelt spelar. Jon Olav Kriken er den siste brikka i trenarteamet, og han held fram som målvaktstrenar.

– Vi er glade for å ha ei løysing på plass. Kjell Einar vert hovudtrenar, og vi er glade for å ha Reidar med i trenarteamet. Han skal ha to aktivitetar i veka, og vil vere til stades på ein del kampar. Løysinga vi har kome fram til er vi svært godt nøgde med. Vi har von om at dette samla vert veldig bra ut årets sesong, seier dagleg leiar Arnstein Sandvik i Ørsta IL fotball.