Elias Hovden Nilsen (13) var ein av dei mest nøgde under Ørstaleikane i friidrett i helga. Ikkje berre vann han spydtevlinga i klassa si, men han sette også ein personleg rekord.
Frå før hadde han vel 31 meter som rekord. I fyrste kast i spydkonkurransen slo han til med 35,80, og ei personleg rekord-forbetring med fire meter.
Elias var ein av nær 200 deltakarar under Ørstaleikane. I hovudsak var deltakarane frå Sunnmøre og Nordfjord, og det har sjeldan vore fleire med på dette friidrettsstemnet på Ørsta stadion tidlegare.
Elias var sjølvsagt svært godt nøgd med den personlege rekorden.
- Det var bra. Eg synest spyd er det artigaste å halde på med, fortel Elias.
Han var svært aktiv under Ørstaleikane. Laurdag var han med på høgde, sleggjekast og kule, og søndag var han med på 200 meter før han avslutta med spydkast. Då var han eigentleg ganske sliten, og hadde kjenning med ein strekk i låret. Likevel slo han til med personleg rekord.
- Eg trenar tre gonger i veka, og synest dette er artig å halde på med, fortel Elias.
Det var mange sterke prestasjonar under Ørstaleikane, og det vart sett mange personlege rekordar.
Men fyrst og fremst er Ørstaleikane ei massemønstring, og friidrettsgruppa i Ørsta IL er dyktige arrangørar, og alt gjekk smertefritt.
Ein av dei som hadde det artig under stemnet var Jakob Rudi Nordang (11) frå Ørsta IL. Han deltok på 200 meter og lengde, og på 200 meter suste han inn til tredjeplass.
- Eg kan verte endå betre, men tredjeplass var greitt, seier elleveåringen.
Andre var med på uvande distansar. Hannah Skjeret, som var nær finaleplass på hundre meter under junior-NM nyleg, deltok på 300 meter.
- Det var litt uvant, og eg stivna på oppløpet, fortel Hannah, som tok ein andreplass.