Det var ein kamp der Sæbø hadde full kontroll, og spørsmålet var berre kor stor sigeren ville verte.

- Spesielt fyrste omgang var bra, og noko av det beste vi har gjort i år. Viss det ikkje var det beste. No skal det seiast at Ørskog ikkje kom med sitt sterkaste lag, men likevel skal vi ta med oss at vi presterte godt, og at spelarane våga og fekk til ting dei ikkje har gjort før i år. Det gjeld spesielt samhandlinga med andre spelarar, seier ein nøgd trenar Terje Haugen Øye.

Fire mål på Haugen Øye

Sjølv skåra han fire mål i kampen, og det fyrste kom etter eit par minutt. Då utnytta Sæbø ei tabbe i Ørskog-forsvaret, og Terje Haugen Øye kom på skothald og skåra sikkert.

Haugen Øye laga 2-0 etter eit kvarter. Då fekk han eit gjennomspel han forfølgde, og skåra sikkert.

Tjuefem minutt ut i kampen kom Ørskog på ei kontring. Sæbø-spelarane vart for stilleståande, og gjestene reduserte.

Men Sæbø var berre betre i denne kampen, og Ørskog sitt håp om å kome inn i kampen vart redusert då Mikkel Riise gav Sæbø 3-1 berre noko minutt etterpå. Målet kom etter møljespel i feltet.

4-1 til pause

Fem minutt før pause auka Sæbø til 4-1. Det var eit fint angrep der Mikkel Riise kom seg fri på kanten og gjekk til dødlina. Ballen vart spelt ut i feltet, og der kom Haugen Øye og skåra sitt tredje mål for dagen.

Sæbø punkterte kampen fullstendig sju minutt ut i andre omgang. Ballen vart spelt til Tarald Harstad som dunka han i mål frå ti meter.

Etter 64 minutt vart det 6-1, og det var Terje Haugen Øye som fekk nikke inn ballen etter eit hjørnespark.

Sæbø produserte ei rekkje sjansar mot slutten av kampen, men fleire mål vart det ikkje.

Sæbø har starta haustsesongen med to sigrar, og ser ut til å spele seg vekk frå botnstriden.