Kristine Eikrem Engeset frå Ørsta tok sølv på 3000 m hinder under NM i friidrett  på Jessheim laurdag.

Lenge såg det ut til at Kristine skulle kjempe om gullmedaljen, men før passering av den siste vassgrava vart det bråstopp. Heidi Mårtensson frå Modum sprang forbi, medan Kristine måtte klivre over hinderet. Til då var det Kristine som hadde leia an i løpet.

Mårtensson sprang inn til tida 10.25,06, og Kristine på sølvplass fekk tida 10.33,62.

Bronsen gjekk til Anniken Amos Ruud frå Strindheim på tida 10.47,76.

Til Sunnmørsposten fortel Kristine, som representerer Vidar i Stavanger, at ho var heilt sluttkøyrd, og berre så vidt greidde å ta seg over dei siste hindera.

No er utandørssesongen over for Kristine, og ho planlegg fram mot innandørssesongen.