– Vi ynskjer å vere dobbelt så mange golfspelarar i Ørsta og Volda. Og det er det plass til her på anlegget.

Det fortel krumtapp Harald Indresøvde i Volda golfklubb.

Laurdag var det open dag hos klubben, der unge som gamle var inviterte til å vitja bana.

– Her har vel vore om lag tjue til no, og vi håper vi greier å rekruttere til kurset vi skal starte med komande måndag. Det heiter «Vegen til golf», og er eit kurs alle må ha for å kunne spele på ei golfbane. Tolv er til no påmelde, og vi ynskjer at endå fleire melder seg på, seier Indresøvde.

Bane i tretten år

Volda golfklubb vart starta i 1998, og i 2001 var golfbana i Vassbotnen på plass. Golfbana har no hol, og er på 4.750 meter når ein går full bane, altså to rundar med atten hol til saman.

Bana har to hol på par fem, fire hol på par fire og tre hol på par tre.

– Det har vorte lagt ned eit stort arbeid for å gjere bana god og attraktivt, og eg vil påstå at greenane vi har, ikkje står tilbake for nokon andre vi kan samanlikne oss med. Det er kvaliteten på greenane ei bane oftast vert målt på, seier Indresøvde.

Greenen er den delen av bana der det avgjerande slaget eller putten mot holet skal gjerast, og kravet er då at graset er svært kortklipt og at bakken er heilt jamn.

250 medlemmer

Volda golfklubb har no 250 medlemmer, der hundre er såkalla fjernmedlemmer.

– Blant fjernmedlemmene er både ørstingar og voldingar som har flytta her ifrå, men også andre som aldri har vore her. Ein må vere medlem i ein golfklubb for å kunne spele golf på ei bane, seier Indresøvde.

Og for å verte medlem, må ein altså ha Vegen til golfkurset, eller det som tidlegare vart kalla Grønt kort.

– På dette kurset lærer ein sjølvsagt dei mest elementære slaga, men like viktig er skrivne og uskrivne reglar for korleis ein skal oppføre seg på ei bane. Det er til dømes farleg å kome i vegen for ein golfball, seier Indresøvde.

4 prosent av befolkninga

Sidan starten har Volda golfklubb hatt ein fin tilvekst, men Indresøvde ser at det vert endå fleire.

– Vi hadde som uttalt mål at vi skulle greie å rekruttere fire prosent av folkesetnaden i Ørsta og Volda. Det vil seie om lag 800 medlemmer. Det kan vere vanskeleg, men viss vi seier 400 medlemmer, er det eit realistisk mål, insisterer Indresøvde.

Det har vorte lagt ned mange dugnadstimar for å gjere anlegget i Vassbotnen så godt som mogleg. I tillegg til sjølve bana er det eit fint klubbhus som ofte vert nytta, og det er investert i ein god maskinpark. Om ikkje lenger er nye grasklipparar på veg.

– Utfordringa med å drive eit golfanlegg, er at det må vere forskjellige høgder på graset, alt etter korleis bana er lagt opp. På greenen må det vere svært kort gras, på fairwayen skal det vere 18 mm, og i roghen, altså i utkantane av bana, skal graset vere endå høgare. Då må vi ha forskjellige grasklipparar. No ventar vi på ein ny klippar for fairwayen, altså den optimale bana mellom utslaget og holet, fortel Indresøvde.

Helsebringande

At golf er ein god og helsebringande hobby, er ikkje Indresøvde i tvil om.

– Vi har medlemmer på opptil 79 år og heilt ned i ti-tolv. Det er helsebot i å spele golf. Vi har altså ei bane på 4.750 meter når ein spelar atten hol. Og når ein spelar golf, går ein ikkje rett line, men litt hit og dit. Då snakkar vi om ein spasertur på mei mil. Det er det god trim i, seier Indresøvde.

Han minner også om at lokaliseringa av bana burde vere eit påskot for å kome seg ut og trimme.

– Det tek fem minutt med bil frå Volda sentrum og eit kvarter frå Ørsta sentrum. Det er ikkje mange baner som kan lokke med å vere så sentrumsnær, seier Indresøvde. Han ynskjer alle interesserte til å ta kontakt.