– Det vart ein sjansefattig kamp, og 0–0 er greitt, og eit resultat vi hadde sett føre oss før kampen, seier fungerande trenar Kjell Einar Dagfinrud til Møre-Nytt.

Ørsta opplevde før kampen at fleire spelarar melde forfall grunna ymse omstende. Det gjorde at fleire unge spelarar fekk vere med i den femten spelar store troppen, og to av dei fekk også debutere i startoppstillinga til Ørsta. Det var Markus Halse (17) og Sigurd Sundnes (16).

– Dei har kome inn som innbytarar tidlegare, men dette var fyrste kampen frå start for dei begge, fortel Dagfinrud.

Stranda mobiliserte

Medan Ørsta hadde ei lagoppstilling prega av etablerte spelarar ikkje var disponible, mobiliserte botnlaget Stranda. Denne kampen vart sett på som den siste sjansen til å berge ny kontrakt for botnlaget.

– Det prega kampen. Det var eit intenst og kjempande Stranda-lag vi møtte, fortel Dagfinrud.

Kampen vart jamn og sjansefattig.

Stranda hadde i løpet av kampen eitt skot som gjekk mellom stengene, og dessutan nokre farlege innlegg og dødballar. Men Ørsta-forsvaret hadde i det store og heile kontroll gjennom kampen.

Svikta offensivt

– Men vi produserte diverre ikkje større målsjansar vi heller, registrerer Dagfinrud.

Den største sjansen til Ørsta hadde Terje Rebbestad i fyrste omgang. Skotet hans gjekk mellom beina på Stranda-målvakta, men målvakta greidde å kaste seg bakover, og fekk handa på ballen før han trilla over streken.

Dagfinrud vedgår altså at Ørsta ikkje presterte godt nok offensivt mot Stranda.

– Det var nye spelarar, og fleire i uvande roller. Då merka vi at det ikkje var god nok samhandling, for desse spelarane har ikkje øvd nok saman. Dermed svikta det på den siste tredelen med presisjon og plassering, seier Dagfinrud.

Heldt nullen

Han er svært godt nøgd med forsvarsfiraren som heldt nullen i andre kamp på rad.

– Og sentrallina vår var god og solid. Elles viste dei Markus Halse og Sigurd Sundnes flotte takter, og spesielt Sigurd var god, seier Dagfinrud.

Han tok på seg å leie laget mot Stranda etter at det vart klart at Svein Slinning trekte seg som Ørsta-trenar.

– Korleis det vert framover vert opp til den sportslege leiinga å avgjere, seier Dagfinrud.