Volda var klare favorittar mot 3.divisjonslaget Midsund og ein såg tidleg at det var divisjonsskilnad på lag. Rett nok slapp heimelaget lett til dei første ti minutta og greidde å putte ballen ti gongar bak Runa Vik i Volda-målet. Sjølv om forsvarsspelet var litt rufsete i starten, fungerte det svært godt framover på bana. Etter kvart vart skilnaden på laga meir og meir synleg og ved pause sto det 23-13 til Volda.

Etter pause held Volda fram som i første og det var ingenting å seie på at sigeren blei heile 44-22.

Solid spelarstall

Volda stilte med sitt sterkaste lag med unntak av Hilde Egset og er godt dekt opp på alle speleplassar.

Kroatiske Tina Gavranic er ny og vert ei solid forsterking. Ho er henta inn for å erstatte toppskåraren Laima Bernataviciute som har gått til den franske klubben Stella Saint Maur.

Strynejenta Vanessa S.Hoel er også nyinnmeldt spelar til klubben,sjølv om ho var innom laget i fjor.

Volda stilte også med ein debutant frå eigne rekkjer. Tiril Eidset fekk sin 2.divisjonsdebut og fekk spele heile 2.omgang. Ho noterte seg for fire skåringar og vert nok ein nyttig spelar på sikt.

Volda-trenar Igor Terzic lot alle spelarane som var med mot Midsund, få mykje speletid og samtlege utespelarar kom på skåringslista.

Til cup i Førde

Neste helg reiser 2.divisjonslaget til Førde for ei siste gjennomkøyring før seriestarten 6.september (møter Skaun heime). Der skal dei spele fire kampar og møter Førde og bergenslaga Fana og Bjørnar.

Kampfakta

Midsund HK - Volda HK  22 – 44 (13 – 23)

Midsundhallen

Volda: Runa Vik, Anita Gaarder, Linn J.Berg 3, Line S Hagen 6, Anette Berg 3, Kine Kvalsund 2, Vanessa S.Hoel 4, Maria Ulla 1, Aukse Anglenskiene 4, Olivia Kiss 9, Tina Gavranic 8,Tiril Eidset 4

Toppskårar Midsund: Linnea Kirkeland 5

Utvisningar: Midund 1 x 2min, Volda 3x2min.

Domarar: Alf Furland /Arnold Jensen.