Voldingen Jonas Kvalen (22) har signert kontrakt med den belgiske toppklubben VC Argex Duvel Puurs og reiser til Belgia allereie neste veke for proffspel komande volleyballsesong. Men først må han kome seg heim frå ein månad langt treningsopphald i Osaka, Japan, under leiing av sin tidlegare japanske trenar frå tre år skulegang på ToppVolley Norge og juniorlandslaget, Haruya Indo.

Puurs vart nr. fem i Liga A førre sesong, som er den øvste ligaen i Belgia. Klubben vert frå komande sesong leia av den tidlegare tsjekkiske landslagstrenaren Stewart Bernard. Puurs har høge ambisjonar komande sesong, og har henta inn fleire nye spelarar frå inn- og utland. Seriestart i Belgia er medio oktober og sesongoppkøyringa har allereie starta i Puurs.

Vil utvikle seg

Det har vore dialog med fleire utanlandske klubbar m.a. i Tsjekkia, Nederland, Hellas, Finland og Kypros, men Kvalen er svært nøgd med å ha signert med den belgiske toppklubben Puurs. Han er sikker på at han i Puurs vil få spele og trene på eit høgt nivå og utvikle seg vidare. Då han var i Polen for to sesongar sidan fekk han erfaring med å trene og spele på eit høgt internasjonalt nivå. Målet mitt for sesongen er å få mykje speletid i tillegg til å kvalifisere laget til semifinalen i sluttspelet. Førre sesong var Kvalen i Noreg for operasjon i handledd og finger, og spelte for Førde Volleyballklubb. Grunna skade og operasjon vart han omskulert frå oppleggjar til angrepsspelar. Førde vart nr. 2 i både serien og noregsmeisterskapen. I mai/juni var han med det norske landslaget under 1. og 2. runde i EM-kvalifiseringen som angrepsspelar. Kvalen storspelte og vart til slutt beste poengplukkar på norske landslaget.