Ørsta er på trenarjakt etter at det vart klart at Svein Slinning og klubben vart samde om å avslutte arbeidsforholdet måndag ettermiddag. Det er no klart at Kjell Einar Dagfinrud tek ansvaret for å leie Ørsta når dei møter Stranda på bortebane komande fredag. Ørsta IL fotball arbeider hardt med å få på plass ein ny trenar, og har von om å ha på plass ei løysing denne veka.