Måndag ettermiddag vart Ørsta IL fotball informert om at a-lagstrenar Svein Slinning har vorte langtidssjukemeldt.

– Vi har vorte samde om at det som var fornuftig å gjere var å avslutte arbeidsforholdet, seier Per Endre Woldsund i sportsleg utval.

I første kampen i haustsesongen mot Blindheim fredag var det Kjell Einar Dagfinrud som leia laget i Slinning sitt fråvær. Spelargruppa vart informert måndag om at Slinning ikkje lenger er trenar for a-laget. Ørsta IL fotball jobbar no med å få på plass ein erstattar, men det er for tidleg i prosessen til å seie noko om kva utfallet vert.

– Vi har ei bra spelargruppe, og så må vi sjå på kven vi kan få inn. Det er ikkje så lett midt i sesongen, men vi jobbar med å få inn ein erstattar.

Woldsund understrekar at Slinning ville ha vore trenar ut sesongen som avtalt hadde det ikkje vore for sjukmeldinga.

– Vi har ikkje vore misnøgde med noko av det han har gjort, og slik vi forstått det har spelargruppa vore nøgde.