Nordeide avgjorde i samråd med padlarane, kvelden før start, at Follestaddalselva var det beste alternativet med tanke på kraftig vassføring over heile fjøla.

– Mange har spurt meg: «Blir det i Ørsta i år?», både padlarar og andre, seier han.

Nordeide bur i Volda, den tida han ikkje er å finne padlande til sjøs eller i ei elv.

– Det var rett og slett herleg å vere tilbake i Ørsta! Og ja, det er her Xcreek høyrer heime, seier padleentusiasten fornøgd.

Drøymer om Rossåa

Bygdaelva i Hellesylt, som har vikariert som arena sidan 2014, hadde for mykje vatn i år

Nordeide har Rossåa i Ørsta sentrum som førstval for Xcreek, i likskap med mange andre i miljøet.

Men også her leverer våren i overkant strie straumar for tida – opp mot fire gonger så mykje vatn som det optimale for konkurransen.

Jettefossen

Sjølv om deltakarane ikkje fekk bryne seg på Rossåa under sjølve konkurransen, tok årets vinnar Dag Sandvik, og fleire med, turen dit rett etterpå. Der leika dei seg med å droppe ned Jettefossen.

Sandvik, som er frå padlebygda Voss, vann også førre gong Xcreek gjekk av stabelen i Ørsta, for sju år sidan, i Rossåa.

Han vil gi skryt til Nordeide.

– Engasjementet og veremåta hans er 30 prosent av opplevinga med X2-festivalen for meg. Og han er demokratisk på den måten at vi padlarar får vere med å utforme konkurransen.

Nordeide smilar lunt over godorda frå Sandvik, men peikar på Møre Folkehøgskule som den eigentlege nøkkelen til suksess.

– Det starta med Joar Wæhle som fekk med seg elevane på folkehøgskulen. Elevane har også i år gjort ein fantastisk innsats. Det hadde ganske enkelt ikkje blitt nokon konkurranse utan dei.

Vil gi publikum betre info

Sandvik vedkjenner at elvepadling ikkje er verdas største sport, og derfor passar godt i X2 si fruktkorg.

– Når fleire smale sportar er samla slik, blir det ei veldig sosial og fin ramme kring det heile.

Nordeide fortel at publikumsoppmøtet var omtrent det same som i Hellesylt – godt, men at potensialet for å trekke fleire er stort.

– Eg håpar å få gitt ut informasjon tidligare neste år, slik at det blir enklare for folk å kome. Litt meir føreseielege tilhøve neste år hadde vore bra, påpeikar padleentusiasten.

P.S: Vinnar Sandvik skriv dette i ein sms til Møre-Nytt nokre timar etter konkurranseslutt: «Eg har no tre sigrar frå X2, og den i 2011 var starten på eit gjennombrot for meg. Så ja, elvene her betyr noko for meg».