Både unge og gamle hadde samla seg langs løypa i Volda under Xboard. Etter eit par gode oppvarmingsrunde var konkurransen i gang, og i heat etter heat fekk utøvarane vise kva dei var gode for. I år som alle andre år vart det sjølvsagt litt knall og fall, noko som var ekstra populært blant dei yngste i publikum.

Xboard i Volda.

Xstyle

I parken på Ørsta skisenter vart Xstyle arrangert. Dagen starta vår og overskya, men det gjorde ingenting med det gode humøret i bakken. Konkurransen bestod av ein jamsession der utøvarane kunne hoppe så mange gongar dei ville i løpet av ein time. Det var ikkje så mange påmelde på starten av dagen, men heldigvis kom det ein del køyrarar og melde seg i siste liten. Totalt var det femten påmeldt med både ski- og snowboardklasse.

Xstyle på Ørsta skisenter Foto: Timme Ellingjord Hvitblikk

- Det var eit veldig bra nivå på utøvarane. Mykje bra triks og eit gira publikum med god stemning i bakken, seier ein nøgd Thomas Silseth, dommar for Xstyle i ei pressemelding.

Han fortel at det dessverre ikkje var nokon jente påmeldt til årets konkurranse og oppmodar til at fleire jenter i tillegg til snowboardkøyrarar blir med til neste år. Sjølv om det var ein del regn i starten av konkurransen kom det etter kvart også eit par solglimt. Noko som letta enda meir på den allereie supre stemninga.

XCreek

Grunna for høgt vassføring i andre elevar vart Xcreek gjennomført i Follestaddalselva. Padlarane konkurrerte om å få best tid gjennom elveløpa. Eit jublande publikum følgde med frå brua til trass for at regnet pøsa ned.

Xcreek i Follestaddalselva. Foto: Jonas Been Henriksen

- Dagen har vore heilt fantatisk, med godt samarbeid og mykje sublim, seier greinleiar Torbjørn Noreide.

Det var eit internasjonalt oppmøte med padlarar frå heile ni forskjellige nasjonar. Her var folk frå Irland til Costa Rica.Konkurransen gjekk ut på å treffe ulike porter på veg nedover elva. Om du ikkje traff desse var det straffetid på tretti sekund.

Xskate

Tidlegare år har Xskate blitt arrangert over ein dag der utøvarane har konkurrert både i ramp og street. I år var konkurransen fordelt over to dagar, og det var fleire grunnar til dette.

Sigbjørn Melvær vann konkurrasnen laurdag i Møre Skatehall. Foto: Christian Hopewell

- For det første tok konkurransen så lang tid at publikum vart utålmodige. I tillegg blir skatarane veldig slitne av å skate så lenge. Det tek på for kroppen å skate hardt i fleire timar. Deltakarane satsar hardt og fleire gjer triks dei ikkje har gjort før, seier greinleiar Magnus Mongstad.

- Konkurranser som dette er med å pushe nivået på skating.

Laurdag vart street-delen arrangert i Møre Skatehall i Hovdebygda. Som vanleg satsa skatarane. Publikum koste seg mens dei såg på at utøvarane viste fram sporten frå si råeste side. Ein stor klapp på skuldra til alle engasjert elsjeler i lokalmiljøet som held skatemiljøet i gang. Vinnaren av street-konkurransen vart Sigbjørn Melvær, og vinnaren av beste triks vart Jan Tore Myrhol.

Jan Tore Myrhold i aksjon. Foto: Christian Hopewell