(Sunnmørsposten): – Vårt primære mål for komande sesong i 1. divisjon er å halde plassen. Planen min har så langt følgt skjema. Då eg tok til her i Volda i 2016 skulle vi opp til 1. divisjon i løpet av 2018. Det har vi lukkast med. Men oppgåva som ventar i neste sesong vert annleis. Det er tøffare fysisk, høgare tempo og betre motstandarar, seier Halldor Stefan Haraldsson.

Han kom heim til Volda natt til torsdag i 4-tida etter at damelaget han trenar vann 27–22 mot Gneist i Bergen. Volda hadde vunne heile 31–21 i heimekampen sundag. Samanlagt utklassa altså Volda sine kvalifiseringsmotstandarar med 15 mål; 58–43.

Haraldsson kviler ikkje lenge på laurbæra.

– Eg er ein særs utolmodig kar og skal ha møte allereie i dag med deler av styret. For å planlegge kva vi skal gjere framover, seier Haraldsson.

Fyrste opprykk i 2013

Han kan verte historisk om han lukkast med å halde Volda oppe ein divisjon. Volda rykka opp med ein annan islending som trenar i 2013; Alfred Finnsson. Det vart med ein sesong i debuten.

Det same gjentok seg etter 2015/16-sesongen då Igor Terzic hadde ansvaret. Ned igjen på fyrste forsøk.

– Kva må til for at de skal halde plassen i 2018/19?

– I denne sesongen har vi førebudd og spelt som eit 1. divisjonslag. Difor er det ikkje naudsynt å auke treningsmengda slik eg ser det, seier Haraldsson.

– Men nye spelarar kjem inn?

– Ja, vi må erstatte Anette Berg (ving) og Runa Vik (keeper). Samt at eg har eit ynskje om å forsterke med ein god bakspelar.

– Det er primært lokalt du skal sjå etter forsterkningar?

– Ja, viss det er mogeleg. Ein vingspelar har vi så langt ikkje funne i distriktet. For skal vi hevde oss i 1. divisjon er det viktig for oss at vi vert eit lag for heile Sunnmøre, legg Halldor Stefan Haraldsson vekt på.

Flaggskipet

Volda er no flaggskipet i sunnmørsk handball, ikkje minst etter at prosjektet Ålesund Håndballklubb havarerte.

Det legg også styreleiar i Volda Handball; Norodd Dyrhovden vekt på.

– Vi har vorte kjent i heile handball-Noreg for ordet «Entusiast». Faktisk er dette merkebeskytta av oss. Og vi ynskjer at våre sponsorar skal merke at det er ekte entusiasme å støtte oss. Sidan vi har henta spelarar frå både Ålesund, Ulsteinvik og Fosnavåg blant anna, håper vi sjølvsagt også å kunne få kontakt med sponsorar utanfor Ørsta- og Volda-området, seier Dyrhovden. han tok nyleg over for Arild Bakke, som har vore med i ei årrekkje som ei viktig drivkraft i klubben.

Ser mot eliteserien på sikt

Volda annonserte for mange år sidan at dei på sikt skulle sikte mot eliteserien. Dyrhovden vil ikkje snakke høgt om dette enda, men han syner til Molde blant anna og ser at også ein by som romsdalshovudstaden kan få fram topplag i norsk damehandball.

– Skal de auke budsjettet etter opprykket no?

– Det har vi ikkje diskutert. 4,5 millionar kroner er totalbudsjettet for heile klubben. Og vi er opptatt av å legge vekt på at Volda Handball er ein breiddeklubb. I fjor gjekk fleire av dei tyngste sponsorane inn nye 3-årsavtaler med oss. Og dei vil støtte både bredde og topp, seier Norodd Dyrhovden.

Han og resten av styret skal sette seg ned saman med trenar Haraldsson kjapt for å skissere planar for 1. divisjon 2018/19.

For no meiner klubben at dei er langt betre rusta enn ved to tidlegare høve, for spel på nest øvste nivå i norsk handball.

Denne saka var først publisert av Sunnmørsposten.