Eitt poeng skilde Larvik på 2. plass og Storhamar på 3. plass i eliteserien i handball for kvinner før siste serierunde. Storhamar hadde von om å ta seg forbi laget som har vore det suverent beste kvinnelaget i Noreg gjennom mange år. For å sikre seg sølvmedalje var Storhamar avhengig av siger, medan Larvik ville sikre sølv om dei unngjekk tap. Laga følgde kvarandre tett fram til det stod att nokre minutt av 1. omgang. Då drog Larvik ifrå og gjekk til pause med 16-10-leiing.

Etter pause auka avstanden mellom laga til ni mål, og kampen var avgjort. Malene Aambakk noterte seg for to skåringar, og skåra det siste målet i kampen. Larvik vann til slutt 33-23 og sikra seg sølv. For Storhamar, Aambakk og Hilde Egset vart det bronsemedalje.

No ventar sluttspel for Storhamar. Motstandar i kvartfinalen vert trekt torsdag og Storhamar kan møte Tertnes, Fredrikstad, Gjerpen eller Oppsal. Sjansen for at Storhamar møter Larvik i ein semifinale er stor om laga tek seg vidare frå kvartfinalene.