– Det var ein frustrerande kveld, men vi fortente ikkje noko meir. Vi har ikkje innsats før Ellingsøy går opp til 3-1-leiing. I pausen snakka vi om at vi ikkje vinn fotballkampar om vi ikkje presterer opp mot det vi bør gjere. Det skal ikkje gå an å tape mot dette laget, men eg har og forståing for at mine spelarar vert frustrerte på dommaren. Dessverre klarer vi ikkje å konsentrere oss om det vi bør gjere, sa Hovdebygda-trenar Kenneth Nydahl etter kampen.

Hovdebygda opna årets sesong med 2-2 og uavgjort heime mot Fjørtoft i første serierunde. Torsdag gjesta Ellingsøy Hovdebygda stadion, og vertane hadde eit favorittstempel før kampen. Det var ei tam utgåve av Hovdebygda heimepublikummet fekk sjå. Aggressivitet, innsats og fart har vore varemerket til laget dei siste sesongane, men dette var fråverande i store delar av kampen. Ellingsøy var nær ved å ta leiinga etter seks minutt, men avslutninga gjekk i stolpen. Gjestene fekk tildelt eit indirekte frispark på 5-meteren etter 18 minutt. Frisparket gjekk i ein Hovdebygda-spelar, men returen hamna i beina på ein Ellingsøy-spelar som sende ballen i mål. Eit langt innkast frå Martin Roald vart heada ut av Ellingsøy-feltet etter 31 minutt. Tomislav Novak tok returen og utlikna til 1-1 frå seksten meter. Det vart ikkje skapt så mange fleire sjansar før laga gjekk i garderoben til pause.

I 2. omgang fekk Ellingsøy den første sjansen etter ti minutt, men Jonathan Åmot Olsen varta opp med ei god redning. Nokre minutt seinare fekk Eirik Danielsen upressa gå opp på eit hjørnespark og venstrebacken heada gjestene tilbake i leiinga. Daniel Reza Malakzadeh avslutta i tverrliggaren tre minutt seinare for vertane. Hovdebygda sleit med å spele seg til sjansar, men Ellingsøy skapte heller ikkje mykje. Litt ut av ingenting auka bortelaget leiinga til 3-1 fire minutt før full tid. Først då vakna Hovdebygda litt til live. Byfaith Benit Nkubito reduserte til 3-2 då det var spelt 90 minutt, og Hovdebygda jaga utlikning. Ellingsøy klarte å stå imot presset og vann kampen 3-2.

Byfaith Benit Nkubito reduserte til 3-2 etter 90 minutt. Hovdebygda hadde ein sluttspurt, men fekk ikkje utlikninga dei var på jakt etter. Foto: Joachim Åsebø

– Vi må rette på alt. Det er skremmande kor dårlege vi skal vere. Det er sjokkerande at vi er nede på eit nivå som vi absolutt ikkje bør vere på.

– Vonleg botnpunktet denne sesongen?

– Vonleg.

Tremålstap

Sæbø fekk ein god start heime mot Norborg/Brattvåg 2. Yngve Frøland gav heimelaget leiinga etter sju minutt, men berre minuttet seinare var stillinga 1-1. Bjørnar Holen sende heimelaget tilbake i leiinga etter 18 minutt, men eitt minutt etterpå fekk gjestene straffespark som dei skåra på.

Tre minutt ut i 2. omgang kunne heimepublikummet juble igjen. Holen var frampå og 3-2. Leiinga heldt fram til det var spelt ein time, 3-3. Martin Sandbakk var nær ved å gje Sæbø leiinga 4-3, men midtvegs i omgangen tok gjestene leiinga for første gang i kampen. Fem minutt før slutt skåra heimelaget sjølvmål og Norborg/Brattvåg 2 fastsette sluttresultatet til 6-3-siger.

Dette var det første tapet i seriespel på heimebane sidan 2015 for Sæbø.