Det var cupstemning på Volda stadion med mykje folk og ein typisk David mot Goliat- kamp. Om enn ikkje så markert som i fjor, då Molde vitja Volda.

Det stod 0-0 ved pause, etter godt spel av Volda-keeperen. Andre omgang var ikkje mange minutta gamle då Hødd tok leiinga. Resten av omgangen leverte Høddarane fint lite framfor Voldamålet.

Volda var med på notane og hadde to gode sjansar rett før slutt. Men Hødd losa sigeren i land.