- Etter synfaring i Trollbotn på Bondalseidet så ser me oss tvungen til å måtte sjå etter ein anna side å gjennomføre XFREE 2018 i. Nokon har kanskje lagt merke til at skredproblematikken på Sunnmøre for tida er ein case. Me ser ikkje på det som forsvarlig å kunne gjennomføre ein konkuranse som planlagt, skriv festivalen på Facebook.

Den nye konkurransestaden vert i Volda, ikkje så langt frå Reset.

- Fjellsida er noko slakare enn det man vanlegvis køyrar på Sunnmøre.

Konkurransen skal gjennomførast torsdag og er ein del av Noregscupen i frikøyring.