Klare for Noregs største vinterekstremsportfestival

  Foto: Olav Standal Tangen

Sport

Vi har endeleg kome til den tida av året kor Volda inviterer folk frå Sunnmøre og over heile landet til å samlast med sportsentusiastar i gatene, fjella og på festivalområdet, for å bli med på folkefesten ein ikkje kan gå glipp av.

X2 Festivalen starta som ei randonee-konkurranse over to fjell for tretten år sidan, og har no utvikla seg til å bli Noregs største vinter-ekstremsportsfestival. Årets nyhende er Catch-It og Slack Line, og her vil det vere mogleg for alle å teste balansen og klartreferdigheitene sine på festivalområdet. Dette i tillegg til dei kjende x2 greinene som frikøyring på ski, basehopp, longboard, pluss mange fleir!

Felles for alle sportane under årets festival er at vinnerane premierast, og at det er låg terskel for kven som kan delta. Ein treng dog ikkje vere utøvar på festivalen for å kjenne ekstremsportskjensla på kroppen. Det arrangerast blant anna turar i småfly kor ein får sjå Sunnmøre på sitt aller beste, eller ein kan oppleve ein unik guida topptur i Sunnmørsalpane. Eller så kan ein nyte underhaldninga som kvar sport har, finn deg ein favoritt å hei han/ho først i mål eller nyt det spektakulære i dei ulike greinene. Noko ein i alle aldrar kan kose seg og sjå på. Dette gjer det til ein ein arena for alle, bli med å lag folkeliv langs bekken i XCreek eller i fjellsida på XFree.

Kvar dag på festivalen vil kjente foredragshaldarar halde føredrag om sine opplevingar knytt til aktiviteten dei driv med. Her får ein møte Stein Peter Aasheim, Kristine Tofte, Thomas Meling og andre ekstremsportsentusiastar. Vi har også fått ei rekkje med både anerkjende og lokale artistar som går “all in” for å skape god stemning under årets festival. På programmet står blant anna Arif, Hanne Mjøen, Lindstrøm, og Loui & Lexus (lokal).

Festivalen startar torsdag 19. april og avsluttast søndag 22. april. 

Alle konkurransane blir avvikla frå torsdag til laurdag.

Bli med på årets vakraste eventyr i Sunnmørsalpane!

Nokre kjappe fakta om X2 Festivalen:

- Noregs største vinter-ekstremsportsfestival

- Oppstart: 2005 i Volda, Møre og Romsdal

- Starta av studentar ved Høgskulen i Volda

- Over 70 kultur- eller sportsarrangement.

- Når:  19. - 22. april 2018

- Har dei siste åra rundt 3000 besøkande til festivalen, om vêret er med oss.

- Festivalsjef, Eirik Vaage, med heilt frå oppstarten

- Er drive på rein interesse og dugnadsånd