Volda spelar om opprykk til 1. divisjon:

Difor er det annleis denne gangen

Det er ein bestemt ting som har gleda trenar Halldor meir enn noko anna denne sesongen.

Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Etter 22 sigrar i serien kviler ei ro over laget før dei avgjerande kampane mot bergenslaget Gneist, men det også ein skjerpa og klar islandsk trenarrøyst som roleg delar tankar før det spissar seg til.

- Gneist er eit lag som har to sterke skyttarar, to-tre sterke bakspalarar og ein kjempesterk strekspelar. Dei spelar eit aggressivt 6-0-forsvar, og kan bytte til andre typar forsvarsspel. Dei køyrer mykje taktisk angrepsspel som gjer at vi må komme oss langt ut og takle dei oppe i bana og stogge dei sterke skyttarane, meiner Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson.

Vil ha publikumstrøkk

Når vi byrjer å prate om publikum, lyser auga opp. Også Halldor er oppteken av at Voldahallen blir fylt opp av folk på søndag. Å ha eit heimepublikum i ryggen er svært viktig.

- Ja, det er berre så viktig for oss at det blir full hall her. Vi vinn nesten alltid mykje meir på heimebane enn på bortebane berre på grunn av heimebane og støtta frå publikummet vårt. Det er kjempeviktig for oss å prøve å fylle hallen, påpeikar han.

- Dessutan er det kjempekjekt for ei såpass lita bygd å greie å kapre ein førstedivisjonsplass. Det hadde vore fantastisk artig.

To gongar tidlegare har Volda rykka opp, utan å klare å bite seg fast der. Haraldsson meiner at grunnlaget no er mykje betre for å etablere seg på eit høgare sportsleg nivå.

- Det som vi har trua på no er at vi har litt meir stabilitet i laget. Eg trur vi kjem til å behalde alle spelarane og så kan vi styrke stallen litt. Vi har same trenar og vi trur at vi har bygd opp eit betre grunnlag enn dei førre gangane. Men det er stor forskjell på første- og andredivisjon og det er berre små marginar som gjer om ein blir nummer fire eller tolv. Så vi må vere på og dersom vi no får mogelgegheit til å spele der oppe, så må vi starte så snart som mogeleg å styrke stallen og trene, seier Halldór.

Nøkkelen ligg i forsvaret

- Kva vil det etter ditt syn vere viktig å styrke?

- Vi har no såpass brei og fin stall at vi eigentleg har spelarar i alle posisjonar, men det handlar nok litt om å auke breidda i stallen. Og så er det alltid eit spørsmål om kva ein kan hente, kva type spelarar som er tilgjengelege der og då. Men vi har eit godt grunnlag, så det er inga krise i nokon posisjon, og det er eigentleg eit ganske bra utgangspunkt, tenkjer han.

Saka er skrive av Volda handball.