Anastasia Humberset gjorde det svært godt i Midt Norsk meisterskap førre helg med totalt seks medaljar. I helga var alle dei beste av dei yngste bordtennisspelarane i landet samla til NM for yngre. NM vart arrangert av Oppegård IL og spelt i Sofiemyrhallen.

Humberseth, som representerer Skodje IL, spelte seg fram til semifinale i J13-klassa. Der var heimehåpet Hanna Hovden motstandar. Humberseth vann det første sette, men Hovden tok seg til finale med 3-1-siger og sikra seg seinare NM-gullet. For Humberseth vart det bronsemedalje.

I J15 double spelte Ørsta-jenta saman med Anja Myklebust frå Tingvoll. Jentene tok seg til finale der Martine Toftaker og Akshaya Vimalasenan frå B-72 var motstandarar. Det enda med 3-2-siger til jentene frå B-72, og sølv til Humberseth og Myklebust.

I J15-klassa vart det ein 5.-plass til Humberseth etter tap i kvartfinalen.