Ørsta har denne sesongen spelt i Toppserien G16 i Region Nord. I andre halvdel av sesongen har laget vore i avdeling to og gjort det skarpt. Før siste kamp heime mot Steinkjer i Ørstahallen laurdag hadde Ørsta seks sigrar og tre tap i avdeling, og kjempa med Heimdal om å vinne avdelinga. For at det skulle skje måtte Ørsta slå Steinkjer og Heimdal måtte tape mot Skogn.

I Ørstahallen var det Steinkjer som kom best i gang. Etter ti minutt var gjestene i leiinga 7–3. Ørsta klarte å knappe inn forspranget utover i omgangen, og laga gjekk til pause på stillinga 10–8 i favør gjestene.

Etter kvilen var det eit Ørsta-lag som hadde lyst på to poeng og som jakta på Steinkjer. Ruben Rekkedal Nydahl skåra Ørsta sitt ellevte mål i kampen etter seks minutt, og Ørsta var berre eitt mål bak på stillinga 12–11 til Steinkjer. Odin Silseth Tømmerbakk utlikna til 15–15 midtvegs i omgangen og kampen låg og bikka. To kjappe mål av Steinkjer fem minutt før slutt gav gjestene leiinga 20–18. Skåringar frå Nydahl og Marius Aam gjorde at det var uavgjort 20–20 med litt over eitt minutt att av kampen. Eivind Dimmen sende Ørsta i leiinga for første gang i kampen 35 sekund før slutt. Steinkjer klarte ikkje å redusere og dermed kunne Ørsta sleppe jubelen laus for 21-20-siger i siste seriekamp for sesongen. Rekkedal Nydahl vart toppskårar for Ørsta med sju skåringar.

Heimdal vann sin kamp og Ørsta enda på 2.-plass i Toppserien G16 avdeling to. Det vart fjorten poeng på ti kampar for Ørsta i avdelinga.