– Vi følgjer same mal som tidlegare år. Volda TI fotball og Ørsta IL fotball samarbeider og det er felles påmelding. Aldersgruppene vert delt litt mellom Ørsta og Volda, seier Arne Johan Rebbestad i Kiwi.

I Ørsta er G10-, J10-, G11-, J11-, G16- og J16-laga som står som arrangør av turneringa.

– Vi hadde aldri fått til denne fotballfesten utan foreldregruppene og dugnaden som vert gjort.

Gjennom tre dagar vil både Kiwi-hallen i Ørsta og Mørehallen i Volda bli fylt med fotballaktivitet.

– Her vil sjølvsagt bli moglegheit for å skaffe seg noko mat og drikke, sjå på ungane som spelar og det vert full aktivitet heile helga. Her blir konkurransar og leikar i tillegg til fotballaktiviteten.

Interessa for å ta del på Kiwi-cup er stor frå eit stort nedslagsfelt.

– No har vi fleire påmeldingar enn vi hadde i fjor. Det er svært bra og alt ligg til rette for ei kanonhelg.