U17-laget til KFUM Volda Volleyball gjekk heilt til topps under Noregsmeisterskapen for U17 i Førde i helga.

- Vi har hatt ei fantastisk volleyballhelg, seier trenar Erlend Bae.

Han er stolt over innsatsen til dei åtte spelarane.

- Det var seksten lag frå alle regionane i Noreg som var i Førde og kjempa om noregsmeistertittelen. At vi gjekk heilt til topps er fantastisk. Vi har i fleire år hevda oss bra på ulike alderstrinn og vi har teke mange medaljar. Seinast førre helg tok U19-laget vårt bronse. Men det byrjar å bli mange år sidan vi gjekk heilt til topps i ein noregsmeisterskap. Så dette er veldig, veldig kjekt.

Bae fortel at det har vore ein sterk tradisjon for volleyballen i Volda dei seinare åra, men at det ikkje har vore satsa like sterkt på herresida i senior som tidlegare.

- Men det er gjort ein god jobb med dei aldersbestemte laga. Det har vore eit satsingsområde, og vi har klart å få fram eit godt sosialt miljø og eit godt sportsleg tilbod som vi no ser gir resultat.

I turneringa i Førde vart det også valt ut eit såkalla stjernelag, der dei åtte beste spelarane frå turneringa vart valt ut. Heile fire av dei var frå Volda-laget.

Tittelen Noregsmeistrar vil dei no bere med stoltheit, med all den heider og ære det inneber, i tillegg til medaljar og pokal som dei får med seg heim til Volda.

- Det var ein lang veg til finalen. I kvartfinalen møtte vi Dristug frå Aust-Agder, og i semifinalen møtte vi Viking frå Bergen. Sistnemnde har eitt av Noreg sine beste elitelag på seniorsida, så det var ein tøff kamp. Då vi møtte Tønsberg i finalen, var eigentleg det ein lettare kamp enn både kvartfinalen og semifinalen, fortel Bae.

Volleyballlaget vann finalen med god margin: 2-0.

Jentelaget frå Volda kom på ein respektabel 11. plass, legg Bae til.