–No har det blitt både gull og bronse, så det er meir enn vi kunne vente, seier Beate Cathrin Haugen til Møre-Nytt. Ho er ein av dei to trenarane for det norske alpinlaget i Paralympics i Sør-Korea.

Jesper Saltvik Pedersen (18) er lam frå livet og ned , og køyrer sitski. Han innfridde favorittstempelet i storslalåm tidleg onsdag norsk tid. Han låg på andre plass etter første omgang, men etter ein forrykande andreomgang vart det topplassering.

– Han klinka til i andre omgang, seier ein nøgd trenar.

Dermed tok 18-åringen Noreg sitt første gull i Paralympics.

– I sportsjournalistikken er det eitt obligatorisk spørsmål i slike høve, så: Korleis skal dette feirast?

– Vi er veldig slitne etter ein lang dag, og er no tilbake i den norske leiren. Men det har vore to andre medlajar til Noreg i dag, så det vert vel ei markering. Eg reknar med at det vert blautkake, seier Beate Cathrin Haugen.

Stigande form

Målet for Paralympics har vore å ta ein medalje for Jesper Saltvik Pedersen, som er den einaste alpinisten frå Noreg i leikane. I utfor og SuperG vart det sjette og fjerdeplass for det norske håpet, som har hatt stigande formkurve, med bronse tysdag og til slutt gull.

– No får han mykje merksemd og det er bra. Desse utøvarane står for store prestasjonar, seier Beate Cathrin Haugen.

Storslalåm vart framskunda på grunn av dårleg vermelding. Det har vore tett program så langt.

– Så dette er ikkje noko ferie. Vi står opp klokka fem kvar dag, seier Beate Cathrin Haugen.

Jesper Saltvik Pedersen er lam frå livet og ned, og køyrer sitski. Foto: Marcus Hartman