Ørsta kan no også skilte med kretsmeister i Super- G ved Mathea Stranden i J14 år etter nok ein hard duell med klubbvenninne Anny Molvær.

Mykje skulle handle om nettopp duellane mellom desse to jentene denne helga. Dei syner at dei er i god form og køyrer svært godt på ski for tida. Dei har begge synt at dei er mellom dei beste jentene i landet etter gode resultat før i sesongen. Mathea trakk det lengste strået i dei to Super-G renna, medan Anny drog i land superkombinasjonen etter ein slalåm omgang det lukta svidd av. I storslalåm på søndag låg det igjen an til ein tett duell. Mathea Stranden leda klart etter fyrste omgang, men etter at ho køyrde ut i andre omgang var det Anny som kunne klatre øvst på pallen. Ørsta har med tre andre jenter i denne klassa, Marthe Aarskog Walseth, Jenny Kristin Tvergrov og Ariana Rebbestad. Dei er eitt år yngre enn Anny og Mathea og best av dei var Ariana med ein tredjeplass i storslalåm. I klasse 14 år, gutar, har Ørsta alpin med ein løpar- Patrick Andre Haugen. Patrick er yngst i si klasse og synte god innsats og fin framgang heile helga.

Oda Brenne og Bendik Åmbakk er begge yngst i si klasse, 16 år. Dei møter hard motstand, men gjer sine saker godt. Bendik hevda seg godt denne helga og fekk med seg tre andreplassar og ein tredjeplass. Andreplassane fekk Bendik i Super-G og i storslalåm, og tredjeplassen i superkombinasjon. Oda Brenne fekk si beste plassering søndag då ho køyrde inn til ein flott tredjeplass i storslalåm.

I klasse 12 år har Ørsta med tre alpinistar, Anabelle Rebbestad, Tuva Øye og Henrik Stranden. Henrik Stranden hadde ei kjempehelg og fekk med seg heim tre sigrar og ein andre plass. Tuva Øye hadde si beste plassering med ein flott fjerdeplass i superkombinasjonen og Anabelle Rebbestad hadde to sjuandeplassar som sine beste resultat.

For nokre av alpinistane var dette fyrste gong med renn i Super- G, og det var med skrekkblanda fryd dei heiv seg utfor løypene på toppen av trekket. Mykje meistring og fin framgang på Isak Arneson Lothe, Anders Stranden, Thea Emilie Haugen, Anne Sofie Tvergrov og Oda Aarskog Walseth.

Det neste på rennprogrammet for dei eldste er Erik Håker- midt-norsk fartsrenn på Oppdal i neste veke men før den tid nyt vi gode treningsforhold på heimlege trakter. I mars skal vi arrangere renn i Ørsta og håper at mange vil ta turen for å heie på dei lokale utøvarane.

ref

Ørsta Alpin

Tre sigrar: Henrik Stranden (G12) gjorde det godt på Stranda. Han reiste heim med tre sigrar og ein andreplass frå KM. Foto: Ørsta Alpin
2. plass: Bendik Åmbakk hevda seg godt i G16-klassa. Tre andreplassar og ein tredjeplass vart resultatet. Foto: Ørsta Alpin