Uttaket til fylkeslaga for J14 og J15 vart offentleggjort tysdag. Tora Ose frå Ørsta IL fotball er den einaste lokale spelaren som er teken ut. Ose er i J15-troppen som består av totalt sytten spelarar frå Møre og Romsdal.

Under leiing av trenarane Eirik Hoset og Geir Hansen skal J15-laget til Trondheim og Abrahallen 24.- og 25. februar. Her skal dei spele kampar mot J15-laget til Trøndelag. Det vil bli spelt ein kamp laurdag og ein kamp søndag.