Voldingen Martin Over Roseth skreiv under på ny kontrakt med Molde FK tidlegare denne månaden. Både frå klubben og spelaren si side vart uttrykt eit ønske om eit utlån for å få meir kamperfaring. No er det klart at Roseth vil spele for Levanger i OBOS-ligaen denne sesongen.

- Roseth har vore mykje involvert både for a-laget og Youth League-laget i vinter, og ser no fram til å halde fram utviklinga i Levanger, skrive Molde FK på sine heimesider og ønsker forsvarspelaren lukke til.