Åmdal mot Vartdal 16. mai

Kretsen vurderer sluttspel i 6. divisjon.

Fredrik Roth skåra Vartdal sitt mål mot Åmdal onsdag. 

Sport

Åmdal, Vartdal og Ørsta 2 har hamna i same avdeling i 6. divisjon for herrar denne sesongen. Saman med Aksla, MSIL, Langevåg 2, Blindheim 2, Emblem 2 og Sykkylven 2 utgjer dei 6. divisjon avdeling 2. Det skal spelast dobbelt serie og kampdagen vert onsdag.

Sunnmøre fotballkrets legg opp til KM-sluttspel mellom avdelingsvinnarane i dei tre avdelingane i divisjonen, og det skal spelast enkel serie. Avdelingsvinnarane rykker opp til 5. divisjon. Kretsen har registrert at fleire klubbar ønsker fleire kampar i løpet av sesongen. Forslaget frå Sunnmøre fotballkrets er sluttspel for 2.- til 5. plass i kvar avdeling. Om det er ønskeleg kan det opprettast sluttspel for dei lågare plasserte laga. Sluttspela er tiltenkt i midten av oktober.

Seriestart for dei lokale laga vert 18. april og 25. april. Vartdal opnar sesongen med bortekamp mot MSIL 18. april, medan Ørsta 2 spelar borte mot Sykkylven 2 same dag. Åmdal spelar årets første seriekamp borte mot Langevåg 2 25. april . Det første lokaloppgjeret vert mellom Ørsta 2 og Åmdal onsdag 9. mai. 16. mai tek Åmdal imot Vartdal på Legene.

Det blir terminlistemøte for klubbane 15. februar.