Samlar skyttarar frå heile fylket

Onsdag ettermiddag starta landsdelskretsstemnet i skyting for Møre og Romsdal. Hovdebygda og Ørsta skyttarlag er arrangør.

Hovdebygda og Ørsta skyttarlag har klargjort lokala i kjellaren på Ørsta kulturhus, og er klar til storinnrykk av skyttarar frå heile fylket.  Foto: Hovdebygda og Ørsta skyttarlag

Sport

Rundt 200 deltakarar frå heile Møre og Romsdal vil samle seg i lokala til Hovdebygda og Ørsta skyttarlag denne veka. Den yngste deltakaren vil vere rundt 11 år og den eldste cirka 85 år.

- I helga som var arrangerte Volda skyttarlag Samlagstemne for dei lokale . Frå dei resultata er det lov å ha forhåpningar til fleire. I seniorklassa har både Asbjørn Myklebust og Runar Driveklepp vist gode tendenser i tillegg til samlagsmeister Torill Lystad, heiter det frå skyttarlaget.

I tillegg har tvillingsystra Anita Lystad hatt ein god sesong og burde kunne vere med å kive i toppen på dette stemnet. Men det vil komme mange sterke skyttarar frå Sunnmøre og Romsdal som skyt godt for tida og er heilt i landstoppen resultatmessig.

- No for tida har vi svært mange i juniorklassa lokalt, og på ein god dag er der mange som kan vere med langt oppe også i større stemner. Det unike med idretten er spennet på alder og vi har og fleire gode veteraner så også dei lokale over 80 kan hevde seg godt.

Det vil vere live oppdatering på storskjerm under heile arrangementet, i tillegg til livestrømming av resultat på internett.