Ørsta klar for 1. divisjon

G16-laget til Ørsta slo Ellingsøy 5–1 på heimebane tysdag. Dermed er laget klar for spel i 1. divisjon denne sesongen.

Sverre Sætre Orten skåra eitt av måla då Ørsta G16 slo Ellingsøy 5-1 og kvalifiserte seg til 1. divisjon tysdag.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Ørsta opna kvalifiseringa med ein solid 6-2-siger borte mot Sykkylven IL/FKS. Laurdag vart det 3-1-tap i Sparebanken Møre Arena mot Langevåg.

Tysdag tok Ørsta imot Ellingsøy på Aurstad Arena. Evan Dyrhol Aambø gav Ørsta leiinga, og stillinga var 1–0 til pause. Rett etter kvilen auka Andreas Rebbestad Schjetne til 2-0, og Dyrhol Aambø sette inn 3–0. Ellingsøy reduserte før Sverre Sætre Orten og Herman Valle Mayer fastsette resultatet til 5-1-siger.

Dermed er Ørsta kvalifisert for spel i 1. divisjon. siste kvalifiseringskamp vert spelt laurdag mot Brattvåg på heimebane.

G19-laget til Ørsta tapte borte mot Aksla onsdag kveld. Laget treng siger mot Spjelkavik på heimebane søndag, samtidig som Langevåg ikkje slår SIF/Hessa i sin siste kamp. Om G19-laget ikkje vert blant dei tre beste laga i kvalifisering spelar dei i 2. divisjon denne sesongen.