Kontrakta som forsvarsspelaren frå Volda no har signert gjeld til 2021. Roseth fekk mesteparten av sesongen i fjor spolert grunna skade, men var kaptein og banens beste då juniorane til Molde vann NM-gull for andre året på rad. No er 19-åringen skadefri.

På sine heimesider skriv Molde fotballklubb at det er mogleg at eit utlån vil vere aktuelt for Roseth for å få nødvendig kamperfaring på høgaste nivå.

Onsdag skal G19-laget til Molde i aksjon mot Monaco i Youth League på Aker Stadion. Roseth er ein viktig spelar for laget som trenar Daniel Berg Hestad omtalar som Noregs desidert beste juniorlag.